Mkr Lysglimt – Arbeidsliste

 

På dekk

  1. Dekket må skrapes, beket må bort så vi får drive og nate. I stedet for bek bruker vi Roof 7.
  2. Det må også drives og nates rundt rekkestøttene.
  3. Noe dekksplank må skiftes.

Rorhus

  1. Innvendig i rorhuset må vi fortsette etter at utvendig kledning er ferdig.
  2. Dørken i rorhuset skal nålepikkes og hull skal repareres og så skal vi legge på dekksbelegg.

 Maskinrom

  1. Det må bankes rust, renses under motor og vaskes skikkelig før ny maling på vegger og dørken.

 Fortøyning

  1. I år må vi sjekke/skifte alle fortøyningene. Dette må utføres i sommermånedene.

 Kaia

  1. Kanskje får vi gjort noe med fendringen. 

Landstrøm

  1. Nytt abn. med Mørenett.

 

Ellers har vi vanlig vedlikehold av båten.

Som dere ser har vi mye å gjøre i år. Møt opp til dugnad.

 

Ett lite tilbakeblikk

 

Artikkel publisert i Øyblikk 2010.10.28

Krabbetokt med høg rølefaktor

 

Lystig krabbetur
Røling, kaffisuping og teinedraging. Når “Lysglimt” -karane dreg på sin årlege tur for å skaffe havets godbitar til krabbefesten på Johansbuda, er det mange latterbrøl og godlynte sleivspark.

 

Ingenting er som ei god hoe med ei sterk klype. Det er berre på krabbefiske med ”Lysglimt”- karane at ei slik setning gir meining.

 

RANDI H. LONGVA

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

– Det er berre så synd det er så langt mellom dei gode hoene, seier Arne Inge Oksnes, og får resten av mannskapet til å brøle av latter.

Ein samtale som byrja med store glis over ei hokrabbe fylt til randen av ramsalt rogn, endar fort opp med å handle om noko heilt anna.

Krabbefestivitas Dei kjappe kommentarane smatrar som ei mitraljøse om bord ”Lysglimt”. Kryssaren frå 1946 tøffar av garde frå den faste kaiplassen på Valderhaug-stranda. Skyta brøyter seg veg gjennom sluddbyene. Det er fredag føremiddag og berre éin dag igjen til den årlege krabbefesten på Johansbuda

Inntektene av festen går til å halde den staslege båten i god stand. Dei har allereie fiska godt over 400 krabber, så ingen treng å gå heim svoltne. 
– Faktisk har vi aldri hatt ein einaste bomtur. Vi har alltid fått krabber, fortel Olav Larsen. Og kikar oppi den store rabbepanna for å sjå om vatnet byrjar å få ein lunk.

Knusktørt
Om krabbevatnet ikkje har byrja å dampe enno, dampar det ekstra godt i styrhuset.

Skipper Jarle Ulla pattar på ein god sigar medan han fører båten stødig inn Grytefjorden. Det tente mannskapet byrjar å speide etter bøya. Brått får dei auge på noko i vassflata. 

–Nei, den hadde venger på, 
kjem det tørt frå Erling Hellevik, medan han brølande for sikrar om at synet er bra det.

Hørsla derimot… Olav og sonen Noralv knekk saman av eit nytt latter-anfall. Karane kjem fram til at det blir verre den dagen hugsen streikar, og dei har gløymt kvar dei har sett ut teinene.

Røling 
Med kommentaren om null bomturar friskt i minnet, er det ei noko mutt stemning idet dei første teinene vert dregne over ripa. Av dei til teinene som er festa i lina er det fleire som har skrantent innhald.
– Ekje det typisk! Vi har jo kvinnfolk om bord, ljomar det gjennom snøfluksene. Underteikna kan ikkje anna enn å ta på seg skulda saman med Jannicke Farstad frå NRK Møre og Romsdal. Så fort ho har sjansen stikk ho ein mikrofon opp i trynet på teinedragarane.

Med tanke på at mannfolk er kjent for å ikkje klare to ting på ein gong, har dei ein imponerande god simultankapasitet. Sidan det er radio nyttar Erling sjølvsagt sjansen til å røle litt ekstra om fangsten.
– Håh! Dinna må no vere Nord-Europas største. Tolv-tretten kilo tenkjer eg, brølar han ut i eteren. Erling gliser breiare enn diameteren på rabbeskalet
over å ha forårsaka hosteanfall hos eit par av Naturtelefonens lyttarar.

Avslørt
Til all lukke byrjar fangsten å ta seg opp utover i lenkja. Dess tyngre teiner, dess hardare vert jobben til Noralv. 
–Skal vi ikkje ha oss ein kaffipause snart, prustar han som kallar seg ”handlangaren til faderen”.

Så sant han er heime frå sjøen, hiv han seg med på tur ilag med krabbe-veteranane.
Olav bruker høvet til å sjekke om vi har høyrt uttrykket prestekrabbe før. Det er visstnok ei krabbe med berre ei klo. Uttrykket stammar frå Løvsøya. Der budde det ein prest som synest så synd på krabbene, at han tok berre ei klo, før han heiv den ut att.
Olav får for øvrig godlynt kjeft av dei andre, fordi han er ein naten til å sortere. Enkelte tykkjer han kastar for mange ut att. Han understrekar at det berre er vasskrabbene som lir den skjebnen.


På mobilen til Erling tikkar det inn ei melding frå arbeidskompisane på Valumin. ”Er det der du er? Vi har radioen på fullt.”, lyder meldinga. Han forsikrar om at han ikkje har skulka jobben for å drage teiner. Men det hadde nok vore verdt det.

06-10-2015

Årets krabbefest holdes på Johansbuda lørdag 24. oktober kl 20:00

Påmelding til Jens Kåre Næss på tlf 95839163.

 

I år bytter vi dugnadsdag til tirsdager klokkeslettet er 17:30.

Møt opp vi trenger dere.