03-10-2012     Lysglimt har vore i Kristiansund for reparasjon på Mellemverftet.

 

Om formiddagen 26. desember 2011 vart det avdekka at "Dagmar" hadde medført skader på Lysglimt. To av fortøyningstrossene var slitna slik at båten hadde lagt seg inn mot kaien og blitt påført skader på styrbord side akterut. Det er skader i huda og i rekka på styrbord side akter og fleire meter av fenderlista i aluminium er reven av. I tillegg er det skader på kaien. Fortøyinga er slik at båten vert halden godt klar av kaien ved hjelp av fleire trosser. I forkant av "Dagmar" vart fortøyinga forsterka, men sto likevel ikkje i mot kreftene frå sjø og vind denne dagen. På det verste (på styrbord låring) går skadene ca 2,5 cm inn i bordgangane.

Lysglimt har lagt i snart to veker til reparasjon på Mellemverftet i Kristiansund. Deler av bordgangene og noko dekksplank vert skifta ut. Vi har vore litt spente på om Lysglimt vert ferdig i tide til krabbefisket til krabbefesten, men båten var lova ferdig 13. oktober og mannskapet drog nordover laurdag morgon og henta båten.

Sjå bilder i galleriet