M/Kr Lysglimt vart bygd for Olgar Sæther og Oscar Thu, Valderøy hos Johan A. Wiik Båtbyggeri, Vestnes i 1946. Båten vart bygd som kryssar med galeasrigg og fekk ei lengd på 49 fot. Motoren var ein brukt Brunvoll på 35 hk. I 1953 gjennomgjekk båten ombygging ved Fyllingen Slipp, Langevåg då den vart forlengd til 57,8 fot og rigga med utstyr for sidetråling. Samtidig vart det installert ein ny Brunvoll-motor på 84 hk. Båten vart brukt til kystfiske; om vinteren sildefiske med garn (til slutten av 60-åra) og elles i året tråling med sidetrål etter m.a. torsk, sei og hyse.

I 1963 var båten overteken av Olgar Sæther åleine. I 1968 skifta han til ny motor, denne gongen ein Kaelble på 265 hk. Motoren som står i båten i dag vart installert i 1974 og er ein Volvo Penta på 300 hk.

Omkring 1990 vart Lysglimt ombygd til reketrålar. Dei siste åra var det Rune Sæther, sonen til Olgar, som dreiv båten. I 2003 vart den teken ut av fiske og seld. Kjøparen var berre interessert i fiskekvoten og ikkje i båten. Lysglimt vart dermed avhenda til ein privatperson i Ålesund som ville ta vare på den. Etter søknad frå denne personen gjorde Fiskeridirektoratet unntak frå kravet om kondemnering på bakgrunn av at direktoratet meiner "det er sannsynleggjort at fartøyet "Lysglimt" har antikvarisk verdi".

Etter nokre månader i Ålesund vart Lysglimt overteken av noverande eigar som er "Støtteforeininga for M/Kr Lysglimt", stifta 25. oktober 2004 med hovudføremål å ta vare på M/Kr Lysglimt for framtida som eit flytande kulturminne. Foreininga har no meir enn 70 medlemmar.

 

 

Byggeår: 1946 

Verft: Johan A. Wiik Båtbyggjeri, Vestnes 

Største lengde: 57,8 fot (eng.) / 17,62 m 

Største breidde: 15,6 fot / 4,75 m 

Brutto tonnasje: 33.32 tonn 

Byggemateriale: Furu hud på furu spant

Motor: Volvo Penta TAMD 120A, byggeår 1974 

Styremaskin: J.Tenfjord Mek Verksted

Vinsjer: Hydraulik A/S Brattvåg - 3t vinsj og linespel, installert 1954.

Kjenningssignal: LHAW 

Registrering: NOR 

Eigar: Støtteforeininga for M/Kr Lysglimt, Valderøya 

Org.nr: 987 670 800